Vossakveik 18.9.2020

Arrangementsinformasjon

Voss – bygd for endring?
Vossakveik er seminaret som skal inspirera og engasjera, me vil fyra opp til god kveik!

Me inviterer til ei forrykande samkoma med innblikk i kva endringar som skjer i samfunnet. Den digitale revolusjonen er over oss, og korleis skal du få inspirasjon til å takla endringane…? 

Eirik Norman Hansen
er ein ekte teknologioptimist. Han skal snakka om kva teknologi betyr for oss menneske og samfunnet og korleis dette formar verda. Mange har den siste tida blitt "sjokkdigitalisert", er du litt skremt og spent på alt som skjer på den teknologiske fronten; nytt høve til å høyra Eirik Norman Hansen!

Kathrine Aspaas
er kjent frå sine mange år som kommentator og skribent i Aftenposten. Ho hevdar at sjølvinnsikt og emosjonell intelligens veks fram som dei store suksesskriteria i arbeidslivet. Korleis dette skal gå for seg skal ho formidla med humor og kunnskap!

Vigdis Jordal
skal ta oss med på ei undringsreise i den digitale revolusjonen og det menneskelege engasjementet. Teknologien i rakettfart og evolusjonen i skjelpaddefart.

Les gjerne meir på vossajazz.no

Hugs god hand- og hostehygiene  –  hald avstand  –  bli heime dersom du er sjuk, sjølv med milde symptom dersom teikn på luftvegsinfeksjon.


Velkomen!


VILKÅR – ANSVARSFRÅSKRIVING

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Dette gjeld ikkje ved ev. avlysing, sjå under. Med atterhald om trykkfeil og endringar i programmet.


Avlysing
Arrangøren (Vossa Jazz) har rett til å avlyse tilskipinga. Ved avlyst tilskiping vert billetten, med frådrag for billettavgift, refundert. Billettkjøpar kan ikkje setje fram andre krav enn dette. Avlysing i ein force majeure-situasjon vert regulert i sin heilheit av force majeure-punktet under.

Force majeure
Som force majeure er ekstraordinære situasjonar som ligg utanfor Arrangøren sin kontroll og som i vesentleg grad vanskeleggjer rasjonell gjennomføring av tilskipinga eller oppfylling av andre plikter etter avtalen (irekna, men ikkje avgrensa til, orkan, tsunami, krigsutbrot, terrorangrep, pandemi, epidemi, brann, streik, samfunnstruslar som inneber restriksjonar, pålegg, anbefalingar eller liknande frå myndigheitene, landesorg, flaum, storm, naturkatastrofe).

Verknad av force majeure: Ved force majeure vil Arrangøren sine forpliktingar ovafor billettkjøparen falle bort, irekna Arrangøren sitt ansvar for gjennomføring av tilskipinga, billettkjøparen sin eventuelle rett til refusjon av billettpris samt billettavgift, erstatning eller prisavslag. Billettkjøparen kan heller ikkje setja fram andre krav mot Arrangøren. Dersom tilskipinga ikkje kan gjennomførast grunna restriksjonar frå myndigheitene knytt til Covid-19-virus eller andre pandemiar eller sjukdommar, vert dette å sjå som ein force majeure-situasjon.

Varsling: Om Arrangøren vil gjera force majeure gjeldande skal billettkjøparen bli varsla om det utan ugrunna opphald til billettkjøparen si oppgitte e-post-adresse. Dersom billettkjøparen ikkje har registrert e-post-adresse i samband med kjøpet fell Arrangøren si varslingsplikt bort.

voss
vossajazz
kathrineaspaas
vossakveik
eiriknormanhansen
vigdisjordal