Vossadagane – kulturkonferanse

Arrangementsinformasjon

UTSETT - NY DATO KJEM!


Kultur for sterke opplevingar – konferansen med glimt i auga. 

Vossadagane er ein nasjonal konferanse som femner om ulike fagfelt, set aktuelle samfunnsspørsmål under debatt, samt kombinerer dette med kultur, aktivitetar og opplevingar. 

Vossa Jazz skipar til ein nasjonal kulturkonferanse på Voss fredag 26. mars 09.00 – 14.00. Med på arrangørlaget har me Voss herad, Norsk jazzforum (NJF), Norske Konsertarrangører (NKA) og Creo. 


Musikk sett i system

Kvar hamnar dei statlege kulturkronene på musikkfeltet? Det er mykje offentlege pengar i norsk kultursektor, men korleis ser eigentleg fordelinga ut? Me fylgjer spora frå pengesekken ut i kulturlivet.

• Marte Bjerke: Funn i strukturane i musikkfeltet
• Samtale om organisering og verkemiddel i musikklivet
• Debatt med Kristin Ørmen Johnsen (H), Åslaug Sem-Jacobsen (SP), Terje Breivik (V) og Freddy André Øvstegård (SV)
• Anja Nylund Haugen: Digital ambivalens – norsk musikk i internasjonale markeder
• ”Musikk sett i system?” Skråblikk ved Linda Eide
• Smakebit frå årets Tingingsverk signert Ingebrigt Håker Flaten

Konferansier: Guri Solberg


Vossadagane vert skipa til etter gjeldande retningslinjer.


vossadagane
voss
vossajazz
kulturkonferanse

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert berre refundert ved avlysing av tilskipinga. Med atterhald om trykkfeil og endringar.