Vossa Jazz 2020, Sheila Jordan & Cameron Brown

Arrangementsinformasjon

Jazzpioneren Sheila Jordan kjem attende til Vossa Jazz!

Ho var her fyrste gong i 1983 som vokalist i Egil Kapstad sin minnekonsert over Bill Evans, og sist gong i 2017, saman med bassist Cameron Brown. Dei som såg ho sist gong, veit at 91-åringen har ei særs finjustert musikkjensle, stor formidlingskraft og mange sterke forteljingar på lager, frå ei lang og omfangsrik karrière.

Les meir på www.vossajazz.no 

voss
vossajazz
vossajazz2020
festival
jazzfestival
sheilajordan
cameronbrown

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om trykkfeil og endring i programmet.