Vossa Jazz 2020, Sagn

Arrangementsinformasjon

Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg, Bugge Wesseltoft, Frode Alnes, Bendik Hofseth og Helge Nordbakken kjem tilbake med Tingingsverket Sagn, nesten på dagen 30 år etter urframføringa i 1990!

Om ein skal rangera alle Vossa Jazz sine Tingingsverk etter musikalsk kvalitet, nyskaping og omfang på presseomtalar er Sagn av Arild Andersen frå 1990 eit av dei som absolutt fortener pallplassering. Dette var eit nybrottsarbeid i skjæringspunktet mellom jazz og norsk folkemusikk – Sagn har vorte ståande som definerande innanfor denne hybridsjangeren.

Ein slik sjangerblanding står ofte i fare for å falle i ei av to grøfter: Enten vert det «oppjazza folkemusikk», eller «jazz i folkemusikkdrakt». Med Sagn viste Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg og dei framifrå musikarane i bandet at det finst ein tredje veg, som krev musikalsk balansekunst på høgt nivå, og er desto meir fruktbar.

Arild Andersen fekk stor respekt for folkemusikken etter å ha høyrd Bråten Berg syngja. Då han komponerte låtmaterialet til Sagn, ville han at musikken skulle retta seg etter folketonane, og ikkje omvendt

Les meir på www.vossajazz.no 

voss
vossajazz
vossajazz2020
festival
jazzfestival
arildandersen
sagn

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om trykkfeil og endring i programmet.