Vossa Jazz 2020: Kulturvandring

Arrangementsinformasjon

Vandring frå Vangskyrkja via Finnesloftet til Mølstertunet der det undervegs vert passeleg store påfyll med godbitar frå den lokale kulturhistoria.

Turen går fyrst til Finnesloftet der det vert konsert med TOIVO. Vidare vandrar me til Mølstertunet med omvising og soga om bryggetradisjonar med smaksprøvar og garantert god kveik ved Sjur Hermann Rørlien.

Turleiarar er Knut K. Finne og Eirik Helleve.

Les meir på www.vossajazz.no 

voss
vossajazz
vossajazz2020
festival
jazzfestival
toivo
kulturvandring

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om trykkfeil og endring i programmet.