Vossa Jazz 2020, Kjartan Fløgstad Band

Arrangementsinformasjon

Sjølvaste Kjartan Fløgstad kjem til Vossa Jazz med det nye bandet sitt!

Når Kjartan Fløgstad lagar band, er det ikkje kven som helst som får vere med. Med Steinar Raknes (Stillhouse, Arvvas, Ola Kvernberg Trio) på bass, journalist og forfattar Tom Stalsberg (Buicken) med på tekstsida, og multiinstrumentalist Odin Staveland (Vamp) på trommer og ymse anna, vert dette eit band som har tyngd både litterært og musikalsk.

Her vert det nyskrivne tekstar frå Fløgstad og Stalsberg, komposisjonar av Raknes, i tillegg til tonesette tekstar frå den prisløna Fløgstad-romanen Due og drone frå 2019.

Les meir på www.vossajazz.no 

voss
vossajazz
vossajazz2020
festival
jazzfestival
kjartanfløgstad

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om trykkfeil og endring i programmet.