Superjazz med Agbalagba Daada!

Arrangementsinformasjon

Det kan ikkje verta anna enn supert når Terje Isungset og Per Jørgensen skal kasta seg ut i leik, improvisasjon og spontane innfall. Saman med «Supergruppo» og andre menneske med nedsette funksjonsevner skal dei omfamna musikken si verd, heilt utan sikkerheitsnett!

Agbalagba Daada si innstilling er at alle menneske er ein ressurs – også musikalsk. Alle menneske har noko som ingen andre har.

Få med deg ein impulsiv, varm og ellevill konsert!

Per Jørgensen – trompet, vokal
Terje Isungset – perkusjon, munnharpe m.m.


OBS! Det vert ikkje billettsal i døra.


Skulle me måtte avlyse grunna covid-19 vil kjøpte billettar bli refundert.

Superjazz vert skipa til etter gjeldande retningslinjer.

Hugs god hand- og hostehygiene  –  hald avstand  –  bli heime dersom du er sjuk.

voss
vossajazz
superjazz

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert berre refundert ved avlysing av tilskipinga.