Sommarkonsert med Sigrid Moldestad

Arrangementsinformasjon

Sommarkonsert i hagen til Park!


Vossa Jazz har sakna å jobba saman med våre gode vener på Park Hotel Vossevangen og hjå Voss Lyd, og me gler oss stort til å skipa til konsert. 

Sigrid og hennar medmusikantar har nyleg vore i studio og jobba med nytt album, så kven veit, kanskje får me oppleva rykande ferskt materiale? Ei herleg feiring av sommaren vert det i alle fall!

Sigrid Moldestad – vokal, fele
Jørgen Sandvik – gitar, mandolin, banjo
Sigbjørn Apeland – piano, trøorgel
Anders Bitustøyl – bass
Kåre Opheim – trommer
Roald Kaldestad – gitar

"Dørene" opnar 18.00, konsertstart 20.00.

Me vil fylgja retningslinjene som ligg føre.

sigridmoldestad
voss
vossajazz
park

Restriksjoner

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om endring.

Ansvarsfraskrivelse

Dersom det kjem nye pålegg eller restriksjonar grunna koronapandemien kan konserten bli avlyst på kort varsel. Kjøpte billettar vil då bli refundert.