Karl Seglem Trio

Arrangementsinformasjon

Endeleg skal me få oppleva levande musikk! 

Karl Seglem har eit sterkt forhold til Voss, og no kjem han attende med hardingfelemeistaren Håkon Høgemo og trommevirtuost Kåre Opheim. Musikalsk har desse eit hjarta for nyskaping og tradisjon og gamle taktar i ny innpakking. Det er duka for ein tett og intim konsert, men sjølvsagt med god avstand for publikum.

Møt tre menn som spelar for livet og elskar det!


Medverkande:
Karl Seglem – tenorsaksofon, bukkehorn
Håkon Høgemo – hardingfele
Kåre Opheim – trommer


Skulle me måtte avlyse konserten grunna covid-19 vil kjøpte billettar bli refundert.

Konserten vert skipa til etter gjeldande retningslinjer.

Hugs god hand- og hostehygiene  –  hald avstand  –  bli heime dersom du er sjuk, sjølv med milde symptom dersom teikn på luftvegsinfeksjon.

Sjå www.vossajazz.no for meir informasjon.

voss
vossajazz
jazz
karlseglem
seglem

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert berre refundert ved avlysing av tilskipinga.