page view image

Jolajazz 2022 på Park

Arrangementsinformasjon
event image

Endeleg!

Det vert igjen Jolajazz på Park Hotel Vossevangen 5. joledag!  Den perfekte blandinga av god musikk og feststemning er jo akkurat det ein treng i romjola.

Frå kl. 21.00 kan du oppleva:

  • Kniv og Taffel Swingjazzorkester
  • Do lado
  • Grandane
  • DJ Finborud
  • Petter Dalane
  • The Red Barn


Kniv og Taffel Swingazzorkester
–  tek jolataffelen til nye høgder!

Kniv og Taffel Swingjazzorkester leverer fri og rå swingmusikk frå sigøynar- og Texasswing-songboka. Bandet har tafla jola inn på Voss før, og gjer det igjen, med gåvesekken fylt med endå meir musikalsk joladigg! Etter eit år med innestengd og opplada taffeltrøkk er bandet sprekkeferdig etter å spreia hemningslaus glede på Voss i romjula!

Mads Berven – gitar, vokal // David Vogt – fele, vokal // Kåre Opheim – trommer, vokal // Karl Wallevik – gitar // Kristoffer Vogt – kontrabass, vokal


Do Lado
Bandet Do lado har vossingen Gry Midttun som vokalist og kapellmeister. Saman med bandet serverer ho jazz, latin, bossanova henta hovudsakleg frå Tom Jobims rikhaldige songbok. Det vert glade bossarytmar når Gry tek med seg denne gjengen til Jolajazz:

Fred Johannesen – flygelhorn // Arild Seim – gitar // John Brottemsmo – bass // Stein Bakke – piano // Nils Are Drønen – trommer // Gry Midttun – vokal


The Red Barn
Gløym alt du veit om americana, country og jazz-kryssingar. Aksel Røed og Arne Toivo Fjose er klare for å gje ein smakebit av det nye prosjektet «The Red Barn», der dei spelar under mantraet om å foreina desse sjangrane på den aller beste måten.

«Ingenting er umulig» – Aksel Røed, saksofonar
«Det beste er kun det beste» – Arne Toivo Fjose, kontrabass

 

GRANDANE 
GRANDANE byr på glitrande gladpoprock med sine naive låtar om kjærleik, frustrasjon og lengt mot betre tider. Vossabandet syng på dialekt, og byr på låtar som «Hastverk», «Bakøvesveis», «Bale i Bergen» og sjølvsagt «Trur Du At Ho Likar Meg». Og kjenner me bandet rett, skal me ikkje sjå vekk frå at det òg blir servert ein de Lillos-låt eller to! Det blir garantert godstemning når GRANDANE er klare til å gje gass på Jolajazz!

Børge Lindland – gitar, vokal // André Bjørkhaug – gitar, vokal // Svein Prestegard – bass, vokal // Inge Skrede – trommer


Petter Dalane
Mange kjenner Petter Dalane frå Petters Festjam på festivalen. Du kan venta deg energi, improvisasjon, jazz, humor leik og virtuost spel – og du vil møta Petter rundtomkring på Park denne kvelden!

 

DJ Finborud
Tradisjonen tru skal våre eigen Lars Finborud snurra plater til dansesvoltne jolajazzarar utover natta. Han lovar å blanda saftige godbitar med funk, disco, jazz, rock, pop og house til ei groovy betasuppe til vårt glade publikum. Det brukar vera så god fot at støpselet må trekkast ut for å stoppa dansen...


OBS! Ungdom frå 18 t.o.m. 25 år får kjøpa billett til halv pris!


Dersom du ynskjer middagspakke, dvs. tre-retters middag og Jolajazzbillett, kjøper du dette direkte hjå Park, tlf. 56 53 10 00 / e-post resepsjon@parkvoss.no 


voss
vossajazz
jolajazz
knivogtaffel
petterdalane
grandane
djfinborud
theredbarn
dolado

Restriksjoner

18 års aldersgrense.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om endring.