Julerosekveld med Herborg Kråkevik og gjester

Arrangementsinformasjon

Herborg Kråkevik legg ut på storslått Julerose-turné med Linda Eide, Vigdis Hjorth, Mathias Eick og Julerosekvintetten! 

Herborg Kråkevik tar i år med seg musikken og suksesskonseptet Juleroser til nokre utvalde scener rundt om i landet, og 14. desember kjem dei til Voss og Gamlekinoen! Med seg har ho forfattar Vigdis Hjorth, journalist og humorist Linda Eide og trompetvirtuos Mathias Eick. I tillegg til ny og tradisjonell jolemusikk, vil desse eminente formidlarane gje publikum forteljingar, dikt og humoristiske høgdepunkt frå Juleroser-hefta. Det blir adventstemning, jolelatter- og tristesser, klassiske joleforteljingar og heilt rykande ferske tekstar om kvarandre. Med seg har Herborg også Julerosekvintetten og pianist Helge Lilletvedt.   


Sjå www.vossajazz.no for meir informasjon.


Velkomen!

juleroser
herborgkråkevik
voss
vossajazz

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert berre refundert ved avlysing av tilskipinga. Med atterhald om trykkfeil og endringar.