Ekstraframsyning: Linda Eide - Melodi Grand Jazz

Arrangementsinformasjon
Default file 1522761373

Me gjentar suksessen frå årets Vossa Jazz og skipar til konsert der Linda Eide lærer jazzfolket å elska Melodi Grand Prix. I alle fall å hata det mindre! 

Linda Eide kastar eit nytt og jazzete lys over dette direktesendte elleville fenomenet, som har fått kjenslene våre til å rista, skaka og krølla seg, i over 60 år. Den utskjelte og elska melodikonkurransen har nemleg tatt jazzen på meir alvor enn mange er klar over. Musikalsk bækking og verbal støtte er i dei beste hender. Sjur Hjeltnes tek seg av den saka, på sin storsinna, improviserande og musikkelskande måte. Og Sigrid Moldestad har takka ja til å vera gjest!

lindaeide
sjurhjeltnes
sigridmoldestad
melodigrandjazz
voss
vossajazz

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om endring.