page view image

Vossa Jazz 2025

Vel møtt til den 52. Vossa Jazz-festivalen 11. - 13. april 2025

Information
event image


Billettar til Vossa Jazz - dei ulike kategoriane:

Huskort, dagskort og festivalpass

På Park hotell frå kl. 20.00 fredag og laurdag gjeld såkalla huskort - éin billett for alle konsertane på Park. Dagskortet og festivalpasset gjeld sjølvsagt også her. Merk at opningskonserten fredag og Tingingsverket laurdag ikkje inngår i huskorta. 

Gjestar med festivalpass, dagskort og huskort kan i tillegg kjøpe plassbillett for å sikra seg adgang til konsertar. Ein er ikkje automatisk sikra plass gjennom festivalpass, dagskort eller huskort.


Einskildbillett

Skal ein berre på ein einskild konsert, kan ein sjølvsagt kjøpe billett berre til den. Då er plassbillett ikkje naudsynt. 


Sjå www.vossajazz.no for meir informasjon om festivalen.

Sjå https://vossajazz.no/billettar for informasjon om billettar og vilkår.

Vossa Jazz vert skipa til etter gjeldande retningslinjer.

--------------------------------------------------------------------------

Kjøp av billettar på nettet:

Me anbefaler appen TicketCo Wallet eller mobiltelefon for kjøp av billettar.

Dersom du har datamaskin:

1. Vel antal billettar du ynskjer å kjøpe under aktuell knapp, t.d. "Billettar fredag"

2. Trykk på knappen "Bestill" over billettknappane ("Tilgjengelige varer")

No kjem du til ein oversikt over kva du har reservert. Promokode gjeld berre om du har ein rabattavtale. 

3. Trykk "Vennligst fortsett"

4. Fyll ut namn og kontaktinformasjon 

5. Trykk "Vennligst fortsett"

No kjem du til sida der du kan leggje inn kode for gåvekort eller verdikupong, om du har det. Her kan du òg trykke "Handlekurv" for å få ein oversikt over kva du har bestilt. Då kjem du attende til billettoversikten og kan velje fleire billettar i same kjøpet. Om du ikkje skal kjøpe fleire billettar, treng du ikkje gjera dette.  

6. Trykk "Fullfør kjøp" for å betale. 

Ein kan betale med kort eller med Vipps.

jazz vossajazz festival badnajazz superjazz eldrejazz vossajazz2025 voss musikkfestival

Restriktioner

Park hotell nede: 18 års aldersgrense etter kl. 20:00
Park hotell oppe: 20 års aldersgrense etter kl. 20:00
Sjå heimesida til Vossa Jazz for meir informasjon og vilkår. https://vossajazz.no/billettar/

Ansvarsfriskrivning

Refusjon av billettar gjeld berre ved avlysing av festivalen. Kjøpte billettar kan diverre ikkje endrast.

Med atterhald om trykkfeil og endringar.