Vossa Jazz 2020, Badnajazz: Skarbø Skulekorps

Arrangementsinformasjon

I 1992 reiste Øyvind Skarbø på sin første korpstur nokon sinne. Til Voss. Dette sette så djupe spor, at han den dag i dag har sitt eige skulekorps, Skarbø Skulekorps. Der han ikkje berre er trommeslagar, men også komponist, dirigent, foreldrevakt, leiar og materialforvaltar.

Når Øyvind og korpset hans no reiser tilbake til Voss på korpstur, er det for å laga ein Badnajazz-konsert du aldri har sett eller høyrt makan til!

Sjå www.vossajazz.no for meir informasjon.

voss
vossajazz
vossajazz2020
jazz
festival
jazzfestival
badnajazz
skarbøskulekorps

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om trykkfeil og endring i programmet.