Herborg Kråkevik: Juleroser

Arrangementsinformasjon

Dei siste åra har jolaheftet Juleroser med redaktør Herborg Kråkevik – der nokre av landets fremste forfattarar og kunstnarar bidrar – blitt ein kjær del av jolastemningen i mang ein heim rundt om i landet. Jola 2020 blir likevel endå meir spesiell, for i tillegg til årets hefte kjem òg albumet Juleroser.  

Herborg Kråkevik tar med seg musikken og suksesskonseptet Juleroser til nokre utvalde scener rundt om i landet i desember. På turneen har ho med seg forfattarane Vigdis Hjorth og Vetle Lid Larssen og andre eksepsjonelle gjester som har skrive for jolaheftet. Desse eminente formidlarane vil gje publikum forteljingar, dikt og humoristiske høgdepunkt frå Juleroser-hefta. 

Les gjerne meir på vossajazz.no.

Hugs god hand- og hostehygiene  –  hald avstand  –  bli heime dersom du er sjuk, sjølv med milde symptom  


Velkomen!


VILKÅR – ANSVARSFRÅSKRIVING

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Dette gjeld ikkje ved ev. avlysing, sjå under. Med atterhald om trykkfeil og endringar i programmet.


Avlysing
Arrangøren (Vossa Jazz) har rett til å avlyse tilskipinga. Ved avlyst tilskiping vert billetten, med frådrag for billettavgift, refundert. Billettkjøpar kan ikkje setje fram andre krav enn dette. Avlysing i ein force majeure-situasjon vert regulert i sin heilheit av force majeure-punktet under.

Force majeure
Som force majeure er ekstraordinære situasjonar som ligg utanfor Arrangøren sin kontroll og som i vesentleg grad vanskeleggjer rasjonell gjennomføring av tilskipinga eller oppfylling av andre plikter etter avtalen (irekna, men ikkje avgrensa til, orkan, tsunami, krigsutbrot, terrorangrep, pandemi, epidemi, brann, streik, samfunnstruslar som inneber restriksjonar, pålegg, anbefalingar eller liknande frå myndigheitene, landesorg, flaum, storm, naturkatastrofe).

Verknad av force majeure: Ved force majeure vil Arrangøren sine forpliktingar ovafor billettkjøparen falle bort, irekna Arrangøren sitt ansvar for gjennomføring av tilskipinga, billettkjøparen sin eventuelle rett til refusjon av billettpris samt billettavgift, erstatning eller prisavslag. Billettkjøparen kan heller ikkje setja fram andre krav mot Arrangøren. Dersom tilskipinga ikkje kan gjennomførast grunna restriksjonar frå myndigheitene knytt til Covid-19-virus eller andre pandemiar eller sjukdommar, vert dette å sjå som ein force majeure-situasjon.

Varsling: Om Arrangøren vil gjera force majeure gjeldande skal billettkjøparen bli varsla om det utan ugrunna opphald til billettkjøparen si oppgitte e-post-adresse. Dersom billettkjøparen ikkje har registrert e-post-adresse i samband med kjøpet fell Arrangøren si varslingsplikt bort.


juleroser
herborgkråkevik
voss
vossajazz
mathiaseick
helgelilletvedt
vetlelidlarsen
vigdishjorth