Badnajazz 2018, Ka så?

Arrangementsinformasjon

Årets sundagskonsert for, av og med born er under leiing av Mads Berven. Han er ein interessant jazzgitarist med brei musikalsk bakgrunn, og frå trioen hans, forsterka med Einar Sogstad, Badnajazzkoret og unge musikantar frå Voss, får me høyra jazzklassikarar i ny-gjendikting som Store Sprang (Giant Steps), Ka Så (So What), Blå Tog (Blue Train) og Jan Per (Jean Pierre).

Dette blir ein storkonsert med musikalske og fysiske sprell, song og improvisasjon.

Born under 2 år gratis.

voss
vossajazz
jazz
festival
jazzfestival
badnajazz
badnajazzkoret
madsberven

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om endring i programmet.