Vossa Jazz 2026
Vel møtt til den 53. Vossa Jazz-festivalen 27. - 29. mars 2026
Billettar til Vossa Jazz - dei ulike kategoriane:
Huskort, dagskort og festivalpass
På Park hotell frå kl. 20.00 fredag og laurdag gjeld såkalla huskort - éin billett for alle konsertane på Park. Dagskortet og festivalpasset gjeld sjølvsagt også her. Merk at opningskonserten fredag og Tingingsverket laurdag ikkje inngår i huskorta.
Gjestar med festivalpass og dagskort kan i tillegg kjøpe plassbillett for å sikra seg adgang til konsertar. Ein er ikkje automatisk sikra plass gjennom festivalpass, dagskort eller huskort.
Enkeltbillett
Skal ein på éin einskild konsert, kan ein sjølvsagt kjøpe billett berre til denne. Då er plassbillett ikkje naudsynt.
Sjå www.vossajazz.no for meir informasjon om festivalen.
Sjå https://vossajazz.no/billettar for informasjon om billettar og vilkår.
Vossa Jazz vert skipa til etter gjeldande retningslinjer.
Restrictions
Park hotell nede: 18 års aldersgrense etter kl. 20:00
Park hotell oppe: 20 års aldersgrense etter kl. 20:00
Sjå heimesida til Vossa Jazz for meir informasjon og vilkår. https://vossajazz.no/billettar/
Waiver
Refusjon av billettar gjeld berre ved avlysing av festivalen. Kjøpte billettar kan diverre ikkje endrast.
Med atterhald om trykkfeil og endringar.