Ekstrakonsert: Sigrid Moldestad, Vintersong

EVENT INFORMATION

Gamlekinoen, Voss. Torsdag 10. desember kl. 17:30.

Folkekjære og kritikarroste Sigrid Moldestad legg også i år ut på førjuls-turneen “Vintersong”, og gjev ut 3 nye songar i ein eigen jule-EP. Ei blanding av hennar eigne stemningsfulle songar og andre nostalgiske låtar vil fylle både utgjevinga og konsertstadane ho besøkjer før jul.

Ho tek med seg strykekvartetten Oslo Strings som er kjend for å utfordre grensene for kva og kor eit strykeensemble skal vere og har jobba med alt frå Karpe Diem, Siri Nilsen, Marit Larsen og Kurt Nilsen til meir tradisjonelle klassiske uttrykk. Saman med gitaristane Mattias Perez/Adam Johansson og med-arrangør Karl-Johan Ankarblom, vil songane til Sigrid Moldestad få ei ekstra stemningsfull innpakning.

Vintersong vert ein varm konsert til ettertanke, glede og håp. Sigrid Moldestad seier: “Eg veit det er ein floksel, men det gjer den ikkje mindre sann: fred og kjærleik, peace and love- det er det det handlar om! Det er det ein vil og bør gje til kvarandre. Musikk er kjærleikens språk. Den er raus og går på tvers av tru, religion, julebodskap og alt. Vi kan ikkje seie det ofte nok slik verda er i dag."

Arr.: Vossa Jazz


voss
vossa
vossajazz
sigrid
sigridmoldestad
moldestad
gamlekinoen

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om endring.